Sædalsmarsjen er avlyst

Sædalsmarsjen som skulle gå torsdag 21. mai er avlyst som følgje av korona-restriksjonane.

På Sædalsvegen: Kje­til Haanes og Knut Ny­støyl under fjorårets Sædalsmarsj.   Foto: Bjørn Skoge

Sport

Det opplyser Julianne Moltu i Moltustranda idrettslag til Veslandsnytt.

Den tradisjonsrike Sædalsmarsjen er eit samarbeid mellom Moltustranda IL Trim og aktivitet, og Trimgruppa Gjerdsvika - idrettslag.

Ifølgje regelverket, er det per no ikkje lov å ha meir enn 50 deltakarar på eit arrangement, og Sædalsmarsjen har fleire påmelde enn det.

- Det har kome til reaksjonar på avgjersla, for det går jo an å halde avstand - men ettersom dette er eit idrettsarrangement, må følgje retnigslinjene frå myndigheitene på lik linje med alle andre, seier Moltu.