Bergsøy har signert ny handballspelar

BIL Handball signerte tysdag ein eittårsavtale med den unge spelaren Mathias Welle Aam for sesongen 2020/2021.

Nils Christian Nørvåg Saman med Bergsøy sin nye handballspelar Mathias Welle Aam.  Foto: Bergsøy Handball

Sport

Welle Aam er 18 år og har i sesongen 2019/2020 spelt for Ørsta sitt seniorlag i 3. divisjon, og for Ørsta sitt G18 lag i Lerøy-serien.

– Mathias er eit av dei største handballtalenta på Sunnmøre, og har vore fast innslag på regionale landslag dei siste åra. Vi ønskjer Mathias velkommen til klubben, og ønskjer han lykke til med nye utfordringar saman med Bergsøy sitt herrelag i neste sesongs 2. divisjon, skriv Bergsøy om nysigneringa.