Bergsøy Fotball ser an koronautviklinga

Styret i Bergsøy IL Fotball vil vente litt før ein set i gang med organisert aktivitet.

MÅ VEN­TE: Se­ni­or­spe­la­ra­ne til Bergs­øy, her un­der ei tre­ning i fjor, må i lik­skap med dei andre fot­ball­spe­la­ra­ne i klub­ben ven­te litt til før dei kan kome i gang igjen med or­ga­ni­sert tre­ning.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Vi hadde eit styremøte tysdag der vi kom fram til at vi vil vente litt med organiserte treningar. Dette fordi vi vil ha best mogleg innsikt i råda frå Folkehelseinstituttet og Fotballforbundet om korleis legge opp lagidrett. Det er også viktig å høyre litt om korleis andre klubbar tenker å løyse dette, samt ha på plass tilpassa smittevernrutinar for anlegget vårt.