Friidrettskretsen om Bergsøy stadion:

Treng sårt rehabilitering

Herøy kommune bør snarast sette av pengar til rehabilitering av friidretts- anlegget på Bergsøy stadion.

ugras: Ugraset har gode vekstforhold i kulestøtsektoren på Bergsøy stadion. 

Sport

Denne klare oppmodinga er det Møre og Romsdal friidrettskrets som kjem med etter ei synfaring på det snart 35 år gamle anlegget sist haust. Sidan etableringa med fast dekke i 1985, har anlegget vore rehabilitert berre ein gong. Det var i 2004, og etter det ikkje vore gjort større vedlikehaldstiltak på anlegget. Sju gonger har anlegget fått tilskot til vidareutvikling.