Einar Jonsson vert ny trenar for Bergsøy

BIL Handball har underskrevet en 3 års avtale med Einar Jónsson (42). Islendingen vert tilsett på fulltid.

Einar Jonsson (42)  Foto: Bergsøy handball

Sport

Det opplyser Bergsøy handball i ei pressemelding.

Den erfarne handballtrenaren vert ny hovudtrenar for Bergsøy sitt 2.-divisjonslag. Målet hans er å kjempe for opprykk til 1.-divisjon og stabilisere seg på dette nivået, seier han han.

Jonsson er alliere godt kjend med handballmiljøet i Møre og Romsdal frå sine år i Molde HK. I åra 2013–2015 førte han Molde sitt senior-kvinnelag frå 2-divisjon til Eliteserien.

I 2013 trena Emilsson Fram HK sitt herrelag, som då vart seriemeistrar på Island, og same år vart han kåra til årets trener på Island.

– Einar er ein ambisiøs person som vi i BIL Handball ser fram til å arbeide tett med dei neste tre åra, kommenterer styreleiar i Bergsøy Handball, Nils Christian Nørvåg.

I tillegg til å vere hovudtrenar for Bergsøy-herrane, får Jonsson eit stort ansvar for breiddehandballen i BIL Handball og utviklinga av klubben på alle nivå.

– Med sin kunnskap og erfaring håper og trur vi at han vil tilføre mykje positiv kunnskap og energi til BIL Handball.