Thomas Buchardt takkar for seg som trenar i Bergsøy handball:

- To fantastiske år

Toårskontrakten til Bergsøy-trenar Thomas Buchard har gått ut, og ettersom handballsesongen fekk ein brå slutt på grunn av korona-krisa i Noreg, takkar han no for fantastiske år saman med handballherrane og klubben.

Thomas Buchardt og Jørn Remøy: Bergsøy sin trenar Thomas Buchardt (t.v) seier han har hatt to fantastiske år i klubben. Han er takksam for alle opplevingane han har fått vore med på og personane han har blitt kjent med. Her ser vi han med assisterande trenar Jørn Remøy.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

– Dette har vore to heilt fantastiske år, med utruleg mange kjekke folk. Eg er veldig imponert over det flotte miljøet som er i Bergsøy handball og klubben elles. Eg er heilt klart takksam for alle opplevingane eg har fått ta del i som trenar, seier Buchardt i ein kommentar til Vestlandsnytt.