Liv og røre laurdag:

Vil tukte serieleiaren

Bergsøy har det beste herrehandballaget mellom Bergen og Trondheim. Laurdag skal dei syne kva dei verkeleg er gode for.

Thomas Buchardt og Jørn Remøy: Bergsøy sin trenar Thomas Buchardt og assisterande trenar Jørn Remøy gler deg litt ekstra til laurdagens heimekamp mot serieleiar Vikhammer frå Trondheim. Arkivfoto: Bjørnar S. Sævik 

Sport

– Vi har hatt ein variabel sesong, men eg meiner vi er langt betre no. Vi har alle mann tilgjengeleg, og gler oss stort til å møte serieleiar Vikhammer i Herøyhallen på laurdag.