Innsendt

God innsats i Fredrikstad frå HBK

Innsendt

Jonas Kvalsund Hansen: Den unge elitespelaren frå Herøy spelte seg direkte til kvartfinalen etter berre sigrar i dei innleiande rundane. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Sport

Det er stor aktivitet i klubben for tida. Denne helga var tre av elitespelarane våre i Fredrikstad, på NC nr. 5 denne sesongen. Både Jonas Kvalsund Hansen, Matias Sætre og Jan Ove Kvalsund Hansen starta turneringa med kvar sin siger i fyrste runde. Jonas imponerte igjen og spelte seg direkte til kvartfinalen etter berre sigrar i dei innleiande rundane som vart avslutta med ein spanande kamp i lokaloppgjeret mellom han og klubbkamerat Matias. Jan Ove og Matias måtte gjennom ei ekstra runde, men etter godt spel og velfortente sigrar kunne også dei gjere seg klare til kvartfinalen søndag morgon. Dessverre var det ørsmå marginar som gjorde at HBK ikkje stilte med ein semifinalist, men klubben er godt fornøgde med resultatet og innsatsen også denne helga. Tre 5.-plassar er svært gode plasseringar i eit slikt godt selskap og alle HBK sine elitespelarar ligg pr. dags dato på topp 10 i Noreg, imponerande!