Slo Kristiansund i siste sekund og spelte jamt med serieleiar Rapp

- Ja, denne helga vart det gåsehud

Etter å ha spelt jamt mot serieleiar Rapp på laurdag, gjekk Bergsøy-damene på med giv og lyst og slo Kristiansund i det som vart eit nervepirrande sekunddrama i Herøyhallen søndag.

NINA JUKOPILA: Jukopila stod for veldig mange scoringar denne helga. Laurdag scora ho to mål og på søndag heile 15.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Denne helga var det duka for to heimekampar for Bergsøy-damene, som for tida kjempar for å unngå nedrykk i 3.-divisjon. På papiret såg det kanskje derfor litt skummelt ut då det var serieleiar Rapp og Kristiansund som var motstandarar. Men det skulle vise seg at Bergsøy var klare for å yte motstand på heimebane.