Bergsøy forsterkar laget

Bergsøy hentar Nicolai Fjørtoft Vik frå Hasundgot. Vik har også erfaring frå Hødd-systemet.

NICOLAI VIK: Etter å ha trena med Bergsøy nokre veker har Vik, med fortid i Hødd og Hasundgot, no signert for Bergsøy.   Foto: Hasundgot IL

Sport

– Nicolai har imponert frå dag ein, og har glidd fint inn i gruppa vår.

Det seier Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen i ein kommentar om Bergsøy sin nyaste tilvekst. Skorpen fortel at Vik sjølv tok kontakt med Bergsøy, med eit ønskje om å prøve seg på eit høgare nivå. Det var Skorpen og Bergsøy positive til, og Nicolai Vik har no trena med klubben i nokre veker og spela også andre omgang i treningskampen mot Hareid før helga (BIL-siger 2-1).

– Der klarte Nicolai seg godt, og han var ein av dei som fekk godkjent for innsatsen i den kampen, seier Skorpen, som elles legg til at kampen vart spela under vanskelege forhold.

– Kva type spelar er han?

– Han er det eg vil kalle ein "hybrid-midtbanespelar". Vi har først og fremst testa han som indreløpar, men han kan brukast her og der. Elles så er han ein spelar som gjer det enkelt, og verkar å ha ein plan bak det han gjer, seier Bergsøy-trenaren.

Ifølgje Hasundgot IL, som først omtala overgangen, spela Vik førre sesong i alt 23 kampar, der 17 av dei var frå start. I løpet av desse kampane scora han tre mål – og serverte nokre i tillegg, heiter det frå klubben som spelar i 5. divisjon.

Hasundgot legg elles til at dei meiner det er kjekt at deira spelarar er attraktive for klubbar på høgare nivå. Før overgangen til Hasundgot for eitt år sidan spela Vik junior- og 6. divisjonsfotball i Hødd.

– Alle må kjempe om plassen

Trenar Skorpen kan avslutningsvis fortelje at både han sjølv og Vik er glade for at overgangen no er eit faktum.

– Han vart veldig glad då vi tilbydde han kontrakt. Og for oss er dette ei klar forsterking av stallen. Det betyr at alle må kjempe om plassen, akkurat slik som det skal vere i eit lag med ambisjonar, avsluttar Skorpen.