Jonas med to medaljar i junior-NM

Jonas Kvalsund Hansen tok to biljardmedaljar.

Jonas Kvalsund Hansen: Varta opp med to bronsemedaljar under junior-NM i biljard i helga. Foto: Herøy biljardklubb 

Sport

I helga kjempa Jonas Kvalsund Hansen, Henrik Hauge Pettersen (begge i U19-gutar) og Victoria Hauge Pettersen (U17-open klasse) mot dei beste juniorane i landet under NM i Horten.

– Jonas imponerte med solid godt spel i begge disiplinar, 8-ball og 10-ball, og vann blant anna overlegent mot regjerande gullmeister Ole Kristian Rudshavn (5-1)! Det var i innleiande gruppespel i 8-ball, som resulterte i at Jonas kom på andreplass i ei sterk gruppe og gjekk vidare til semifinale, heiter det frå Herøy biljardklubb.Semifinalen vart svært nervepirrande og jamn, der resultatet kunne ha bikka i Jonas sin favør.

– Små marginar gjorde at motstandaren kunne drage i land sigeren (5-6), og Jonas enda opp med ei flott bronsemedalje. I denne disiplinen kom Henrik på 5.-plass og Victoria på 9.-plass i si klasse, heiter det frå HBK.

I 10-ball enda Henrik på ein 5.-plass, Victoria nr. 13, medan Jonas igjen spelte seg til ein fortent 2.-plass i gruppa. Han kunne dermed glede seg over nok ein semifinale som gav i bronsemedalje nummer to denne helga.

Både HBK og vi gratulerer!