Fire nye år som generalsponsor

Sparebanken Møre held fram som generalsponsor for BIL Fotball i fire nye år.

SIK­RAR LANG­SIK­TIG UT­VIK­LING: Beg­ge par­tar er godt nøg­de med av­ta­len. F.v.: Tom Bed­da­ri og Lars Con­ra­di Andersen (BIL Fotball), Per Ro­nald Knutsen og Tan­ja Leik­an­ger (Sparebanken Møre).  Foto: Bergsøy Fotball

Sport

– Dette er den beste generalsponsoravtalen inngått av Bergsøy IL – Fotball nokosinne. Begge partar er svært tilfredse med å kunne vidareføre samarbeidet, og Sparebanken Møre framhevar spesielt den viktige rolla begge partane spelar i lokalsamfunnet, heiter det i ei pressemelding frå Bergsøy.

– BIL Fotball er ein breiddeklubb som jobbar langsiktig og samarbeider godt med andre klubbar i kommunen vår. Vi har følgt utviklinga i Bergsøy, og det er veldig kjekt at vi kan kalle oss generalsponsor for ein slik flott klubb med gode verdiar. Både BIL og Sparebanken Møre bidreg på kvar sin måte til å gjere Herøy til ein god plass å bu og vekse opp i. Saman kan vi utrette mykje meir enn når vi står aleine, slår banksjef Per Ronald Knutsen fast.

Styreleiar i BIL Fotball, Lars Conradi Andersen seier dette:

– Vi har samarbeida svært godt med Sparebanken Møre som vår generalsponsor i 8 år, og det er derfor gledeleg at vi har fått på plass denne nye avtalen. Både innhald og omfanget viser i klartekst at det arbeidet Bergsøy Fotball gjer blir sett på som rett og viktig av Sparebanken Møre.

Tanja Leikanger nyttar samstundes høvet til å gratulere Bergsøy med 75-årsjubileet, som vart feira laurdag kveld.

– Sparebanken Møre vil takke Bergsøy IL Fotball for godt samarbeid dei åtte åra vi har vore generalsponsor, og vi gler oss til fortsettinga. Vi gratulerer Bergsøy Idrettslag med 75-års jubileet, og er glade for å kunne feire året saman med dykk, seier Tanja Leikanger i Sparebanken Møre.