Ny avtale med Remøy Shipping AS

Bergsøy IL Fotball har inngått ein ny og betra samarbeidsavtale med Remøy Shipping AS.

Frå venstre: Magnus Myklebust og dagleg leiar Tom Beddari i Bergsøy Fotball og Vegard Fiksdal i Remøy Shipping.   Foto: Bergsøy Fotball

Sport

– Bergsøy IL Fotball har dei siste åra investert mykje i oppbygging av klubben. Dei har fått flotte anlegg på plass, og har utvikla klubben både organisatorisk og sportsleg. Dette får våre barn og unge drage nytte av i lang framtid, og det er difor viktig for oss å vere med og bidra til at dei kan ta vare på og utvikle klubben vidare. Vi håper på framgang sportsleg og mykje begeistring frå tribunen også i 2020, både for a-laget og aldersbestemte lag, seier Vegard Fiksdal i Remøy Shipping i ei pressemelding.

Avgjerande for god drift

Selskapet har vore samarbeidspartnar med klubben i fleire år.

– Det at dei ser verdien i det som er utvikla i klubben, og blir med oss vidare er særs gledeleg og motiverande. Den støtta vi får frå næringslivet, slik som Remøy Shipping, er avgjerande for god drift av klubben, seier Tom Beddari og Magnus Myklebust Bergsøy IL Fotball i pressemeldinga.