Nervepirrande kamp enda med tap:

- Visste det ville bli ein tøff match

Bergsøy-herrane plukka dessverre ikkje poeng i årets første kamp - men det var like før...

Her ser vi Lars Erik Bøe score Bergsøy sitt 17. mål, til vill jubel frå publikum. Motspelarane er ikkje like begeistra...  Foto: Josefine Spiro

Sport

Medan målestokken ute viser rundt 0 grader og spelar på lag med regn, sludd og snø om kvarandre, er temperaturen i Herøyhallen i høgste laget denne laurdags ettermiddagen. Bergsøy har lagt seg i hardtrening den siste tida, vel vitande om at årets første motstandar, Elverum 2, er eit ungt lag med høge ambisjonar. Likevel, heimelaget gir alt – og for ein kort stund ser det ut til å gå tilsikta resultat. Bergsøy tek leiinga etter berre 37 sekund og held fram med å score om lag eitt mål i minuttet. Men snart viser også Elverum 2 krefter, og 8,5 minutt inn i kampen dreg dei innpå med urovekkande fart. Etter 16,5 minutt utliknar dei 7–7. Bergsøy dreg frå igjen, men laga leiker katt og mus, og mot slutten av omgangen utliknar Elverum 2 12–12. Til Pause er stillinga 14–13 i bortelaget sin favør.