Handballdamene fekk ei tøff helg: – Total kollaps

Mot tabellnaboen blei det stortap, men mot divisjonsleiaren gjekk det faktisk betre.

EI­LEEN BAU­MANN JENSEN: Jensen var den Bergsøy-spelaren som scora flest mål (6) i laurdagens kamp mot Utleira 2. Søndag scora ho fem mål, til liks med Bergøy-spelar Kornelia Sunde Flo.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Denne helga starta handballåret for Bergsøy sine handballdamer, med to bortekampar. Den fyrste kampen var mot tabellnabo Utleira 2. Sist gang dei to møttest var i starten av sesongen i Herøyhallen. Då var det berre to mål som skilde dei. Denne gongen vart mål-differensen derimot atskilleg større, heile 26 mål. Då kampen var slutt stod stillinga 42–16 til Utleira 2. Kampens toppscorar for Bergsøy, Eileen Baumann Jensen, er klar på at dette ikkje var deira dag.