Terminlistene er klare. LGFK og Bergsøy møter kvarandre rett før nasjonaldagen:

– Å gå med heva hovud i 17. mai-toget er viktig

Larsnes/Gursken opnar heime, medan Bergsøy byrjar sesongen med tøff bortekamp. Også motstandarane i 1. kvalikrunde til NM er klare.

EKSTRA PRESTISJE: Naboduellane mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken betyr alltid litt ekstra. I år møtast laga rett før 17. mai, noko trenarane ikkje legg skjul på at gjer kampen endå viktigare. Her frå fjorårets kamp mellom laga i Fosnavåg, der Bergsøy sikra seg sesongens andre 2-0-siger mot rivalen.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Sunnmøre Fotballkrets sende denne veka ut terminlistene for mellom anna 4. divisjon menn. Der ser vi at Bergsøy byrjar sesongen med bortekamp mot Valder fredag 17. april, før herøyværingane får besøk av Rollon ei veke seinare.