Bergsøy hentar tilbake Øyvind Hagen

Bergsøy hentar tjørvågaren Øyvind Hagen frå divisjonskollega Herd.

FORNØGD: Frank Sverre Skorpen omtalar Hagen som ein klar forsterking for Bergsøy.   Foto: Bergsøy Fotball

Sport

Det melder Bergsøy fredag kveld. Hagen spela sist for Bergsøy i 2016, og har sidan spela for Brattvåg og Herd. Han har også ei fortid i Hødd-systemet. Det er med andre ord ein spelar med erfaring frå høgare nivå Bergsøy no har sikra seg.

– Vi er veldig glade for å få Øyvind tilbake til Bergsøy. Hans erfaring frå høgare nivå, fart, og det faktum at han er målfarleg gjer han til ein klar styrking av laget vårt, seier Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen i ein kommentar til Bergsøy si Facebook-side.

Tidlegare i vinter vart Hagen kopla til 3. divisjonslaget Spjelkavik, men han valde altså Bergsøy. Hagen forsikrar derimot om at han framleis har store ambisjonar.

– Etter snart tre år borte frå favorittklubben har også eg blitt ein eldre spelar. Med det vil eg komme med meir erfaring og rutine i eit allereie framandstormande lag med ein miks av unge- og eldre spelarar. Eg har sjølv ein stor ambisjon og tru på att dette laget har noko i høgare divisjonar å gjere. Eg er enormt motivert til å legge ned eit godt stykke arbeid for å få klubben dit den høyrer heime. Alle fasilitetar er på plass, no manglar vi berre at A-laget, som skal vere lokomotivet i klubben, kjem seg opp og fram, seier Hagen sjølv til BIL.