Ingrid Beate Smådal Hide er ny trenar for damelaget

Ingrid Beate Smådal Hide (20) har takka ja til å bli hovudtrenar for a-lag damer i Bergsøy.

F.v. Ann-Elin Myklebust (sportsleg utval), og Ingrid Beate.   Foto: Bergsøy IL

Sport

Bergsøy kunngjorde fredag nyheita på Facebook.

– Det er veldig kjekt at klubben gir meg moglegheita til å ta steget vidare som trenar. Eg har trua på eit år med mykje læring og mange utfordringar, skriv Smådal Hide, og legg til at ho trivst godt i klubben.

20-åringen har alt vore trenar i Bergsøy i åtte år, der ho har hatt ansvaret for eit jentelag ifrå dei starta som seksåringar. Ingrid Beate debuterte då i trenarrolla berre 12 år gammal. Elles har ho trenarutdanning, og vore med i trenarprosjektet «Drømmetrenaren» i kretsen. Vidare har ho ambisjonar om å ta b-lisensen som trenar.

– Eg er veldig klar for å ta på meg trenarjobben for damelaget, og er glad for at eg får vere med på å bygge eit lag for framtida, skriv Hide til Bergsøy.

Klubben omtalar ho som ein stor forkjempar for jentefotballen, og rosar hennar store engasjement i klubben på fleire område. Dei ynskjer den unge trenaren lukke til med oppgåva.


Ingrid Beate (20) fekk møte Solskjær: – Draumen er å trene eit herrelag på toppnivå

Som ein av fire grasrottrenarar i Norge fekk Ingrid Beate Smådal Hide frå Bergsøy IL sjansen til å reise til Manchester for å møte United-manager Ole Gunnar Solskjær. Etter turen sit 20-åringen att med mykje inspirasjon, som ho tek med seg på sin eigen veg mot toppen.