«Bygd mot bygd»-konseptet førte til auka interesse for romjulscupen:

Dalane/Toftestøda sikra seg pokalen

Det unge Dalane/Toftestøda-laget til Frank Sverre Skorpen sikra seg sigeren i romjulscupen, men ikkje utan kamp frå eit godt Gursken-lag. Romjulscupen må elles omtalast som ein stor suksess for arrangørane.

VIN­NAR­LA­GET: B.v. Kje­til Stein­svik Paul­sen, Daniel Sandvik, Frank Sver­re Skor­pen, Ron­ny Pål Kvals­vik, Pi­jus Mar­cin­ke­vi­ci­us, Ne­ri­jus Mar­cin­ke­vi­ci­us. F.v.: Markus Kjels­li Ihle, Kris­tof­fer Dal­strøm, Ve­gard Hå­heim El­ve­se­ter og Markus Andre Kvals­vik.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Allereie 08:30 2. juledag braka det laust i Herøyhallen, då Tjørvåg og nokre karar med sterk tilknyting til Skotholmen stod for romjulas første spark på ballen. Håvard Madsen og Skotholmen stod også for turneringas første scoring, då laget som representerte «gourmetøya» vann opningskampen 1–0.