Kven har det beste fotballaget?

Bygdene mobiliserer

Det ser ut til å bli ein ordentleg bygdekamp når årets romjulscup går av stabelen i Herøyhallen andre og tredje juledag.

DANIEL JØ­SOK KVALS­VIK: Bergs­øy-kap­tei­nen er som van­leg mel­lom ar­ran­gø­ra­ne av den tra­di­sjons­ri­ke rom­juls­cu­pen. Han og dei andre ar­ran­gø­ra­ne vo­nar no at dei sis­te byg­de­ne sleng­jer seg på. «Jøsse» skal sjølv spe­le for heim­byg­da Kvals­vik, un­der lei­ing av Per-Ivar Kvals­vik. Her er Jø­sok Kvals­vik un­der fjor­å­rets tur­ne­ring, i du­ell med Joa­chim Magnussen.  Foto: Sti­an Lang­lo Dri­ve­klepp

Sport

Det nye konseptet, der klubblaga er splitta opp, og spelarane sendt heim til grendene sine ser ut til å ha vekkja lokalpatriotismen i dei ulike bygdelaga rundt om i Herøy og Sande. Ei veke før turneringa rapporterer arrangørane at 11 lag har meldt seg på: Leine, Kvalsvik, Kvalsund, Moltu x2, Remøy, Runde, Frøystad/Røyra, Toftestøda/Dalane, Gursken og Tjørvåg.

To lag frå Moltu

Vi merkar oss sjølvsagt at Moltu klarer å stille heile to lag i turneringa. På romjulscupen si Facebook-side skryt arrangørane uhemma av moltustrandingane, og legg elles ved eit bilete av Senterparti-høvding Frank Roy Moltu. Kva som er hans rolle i laget må nok derimot utgreiast av både interne og eksterne konsulentar.

Også nabobygda Tjørvåg er klare for cup. I alle fall er arrangørane klare for å ta i mot tjørvågane.

– Vi minner om at det kan førekome kontrollprøver av seloljenivået til spelarane, heiter det frå arrangørane.

Bygdene i ytre Herøy har verkeleg mobilisert til årets cup, og dei aller fleste lagleiarane har no fått samla saman ein gjeng med brukbare fotballspelarar. Mellom anna kjem det fram at Kvalsund stiller med ein tidlegare verdsmeister i sensorkast, medan Frank Sverre Skorpen skal ha samla saman fleire av dei største talenta i Bergsøy til sitt Toftestøda/Dalane-lag.

Remøy-lagleiar Lasse Myrhol har sett krav om at laget skal vere eit reinbloda Remøy-lag, og arrangørane forventar derfor å sjå både sjarkfiskarar og pappakroppar i fri utfolding.

Frøystad/Røyra-laget blir omtala som ein beinhard gjeng, og lagleiar Anders Rønning skal ha jobba febrilsk for å halde laget saman. Det blir også spennande å sjå kva bygder som Leine og Kvalsvik stiller med.

Berre Gursken frå Sande

Førebels er Gursken den einaste bygda som har fått i hop eit lag i Sande. Til gjengjeld har Gursken ei stolt historie i romjulscupsamanheng, og Anders Vaagen og gjengen kan fort syte for at Sande-laget tek sigeren føre nasen på alle Herøy-laga.

Påmeldingsfristen til turneringa er i dag, fredag, og det hastar derfor med påmelding for dei bygdene som endå ikkje har meldt seg på.