Viktig opptur for Bergsøy-damene mot Hødd:

- Vi trengte denne

Denne helga blei det eitt tap og ein siger for Bergsøy-damene. Trenarane meiner laget er på veg i riktig retning.

Nina Jukopila, tidlegare landslagsspelar for Kroatia, er henta inn på Bergsøy for å spele dei andre damene på laget gode.  

Sport

Det har vore stong ut for Bergsøy sine handballdamer denne sesongen. Dei ligg nesten nedst på tabellen og trengde såleis ein liten opptur i helgast to heimekampar. Oppturen let derimot vente på seg på laurdag, då damene fekk måle krefter mot Volda 2. Fram til pause heldt Bergsøy slik sett stand, men i andre omgang rakna det saman. Volda 2 vann overlegent, 33–18. Siv Jensen og trenar Marina Bazzeo er elles klare på at denne kampen var ein dei hadde rekna med å tape, då Volda 2 kjempar på tabelltoppen. Deira fokus var snarare retta mot søndagens andre lokaloppgjer mot Hødd.