Bergsøy leika seg med Spjelkavik i udramatisk kamp

Lokaloppgjeret mellom Spjelkavik og Bergsøy blei kanskje ikkje den krutsalva ein hadde håpa på, men to poeng blei det for Buchardt og troppa, som demonstrerte kvifor dei ligg høgare på tabellen.

Her ser vi Zilvinas Grieze bryte seg gjennom Spjelkavik-forsvaret. Grieze scora to mål.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Søndag var det duka for lokaloppgjer mellom Bergsøy og Spjelkavik i Herøyhallen. Ein spennande kamp med temperatur skulle ein kanskje vente, men spenningskurva blei eit resultat av nivåforskjellen på tabellen, noko laber. Heimelaget festa grepet tidleg i kampen og demonstrerte til tider sterkt forsvarsspel. Spjelkavik klarte ikkje å få ballen i mål, mykje takka vere ein svært sterk Bergsøy-keeper Oddvar Johan Roseth som blokkerte heimemålet godt i heile kampen. Til pause stod det 14–7 til Bergsøy.