Bergsøy rota det til mot Tiller:

- Renn inn over baug og frå alle kantar

Handballherrane til Bergsøy gjekk på nok eit nederlag denne helga, då dei søndag møtte Tiller på bortebane.

Deividas Jovaisas scora seks mål i søndagens bortekamp.  Foto: Bjærnar T. Sævik

Sport

Fyrste del av kampen såg det forholdsvis lyst ut for Bergsøy, då dei vitja Rostenhallen på Søndag. Dei var utvilsamt det førande laget, og låg for det meste framom Tiller med ei 2–3 mål, heilt til det stod att fem minutt av omgangen. Det var nemleg eit vendepunkt i kampen, der Tiller henta inn det tapte. Det var faktisk heimelaget som gjekk i garderoben med leiinga etter 30 minutt, 15–14.