Bergsøy møter Melhus heime

Det kan bli ein potensielt vanskeleg kamp for Bergsøy når Melhus gjestar Herøyhallen søndag.

DEIVIDAS JOVAISAS: Kant­spela­ren er i mål­form om da­gen.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Gjestane frå Trøndelag har berre spela seks kampar så langt, men resultata har vore bra. Fire sigrar, og to tap. Og tapa har kome mot gode lag som Elverum 2 og serieleiar Vikhammer. Derfor er det nok ei tøff oppgåve Thomas Buchardt sine menn har i vente søndag ettermiddag.

Men på heimebane har Bergsøy vore feilfrie så langt i sesongen, og har vunne fem av fem kampar, nokre med til dels stor margin. Derfor er det heller dei skuffande resultata på bortebane som gjer at Bergsøy no er tre poeng bak serieleiar Vikhammer.

Etter heimekampen mot Melhus ventar to helger på rad med to bortekampar. Derfor er det nok viktig for Bergsøy å bygge seg opp ei viss sjølvtillit i kampen mot Melhus.