To tap for BIL-damene

Bergsøy sine handballdamer gjekk på to tap i helga.

SYNNE AASEN: Stortalentet vart toppscorar med seks mål laurdag, før ho noterte seg for tre nye scoringar søndag.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Laurdag spela Bergsøy heimekamp mot Vikhammer HK, og det vart ein kamp der begge laga nok er meir fornøgde med forsvarsspelet enn angrepsspelet. Ved pause var stillinga 4-11, medan laga var jamngode i 2. omgang (6-6), og sluttresultatet vart dermed 10-17.