Villak Bjørlykke er teken ut til Regionalt landslagsmiljø

Bergsøy G16 sin strekspelar Villak Bjørlykke er denne hausten utteken til å delta på handballforbundet sine samlinger som vert kalla Regionalt landslagsmiljø (RLM).

På bildet ser vi Villak Bjørlykke henge i eit luftig skot i skikkeleg Bjarte Myrhol-stil!  Foto: Eivind Sævik

Sport

Det er spennande tider for Villak, som no har fått prøve seg i lag med region Nord sine aller beste spelarar per i dag. Han har sjansen til å verte utteken til både bylagsturnering i Stavanger og landslagssamlinger for gutar fødde i 2004.

RLM er ein regional referanse- og påverknadsarena der handballspelarar skal få erfaring med kva som vert kravd for å verte ein aldersbestemt landslagsspelar.

Bergsøy IL har dessutan både jenter og gutar med på fylkessamlingar; Pete Suktamuk (keeper), Theo Skorpen Berg (keeper), Arin Helsem Nørvåg (bakpelar), Pål Sørdal (bakspelar) og Villak Bjørlykke (linjespelar). Emma Rønnestad Moe (bakspelar) var med på samling for jenter f. 2004 15.10.19. Synne Aasen (linjespelar) f. 2003 var også med 15.10.19 og er utteken vidare til ny samling på Vestnes 6. november.

Vi ønsker alle lykke til vidare !