Den viktige hobbyfotballen

Kva har spelarane på 7-ar-laga på Søre Sunnmøre til felles? Dei elskar fotball – og vil ikkje ha noko stress.

Gle­de: Det var grunn til å jub­le et­ter kam­pen. Des­se Bergs­øy-se­ni­o­ra­ne spring kan­skje ik­kje sær­leg mykje sa­man­lik­na med man­ge av mot­stan­da­ra­ne sine, men dei er tek­nisk og tak­tisk gode, og dei ko­sar seg på ba­nen. Tys­dag vart dei KM-vin­na­rar for tred­je gong på fem år. 

Sport

Vi ser dei springe lett over bana i Fiskarhallen ein halvtime før kampstart. Nokre har allereie vore her ei stund. Det tek litt tid å få varme i kroppen – iallfall for dei eldste karane, som har passert 40 for fleire år sidan. Dei vert ikkje kalla «Old boys» for ingenting. Den offisielle lagtittelen er elles Bergsøy 4, og dei spelar 7-ar-fotball.