Bergsøy 4 er kretsmeistrar!

I kveld slår vi eit slag for 7-ar-fotballen.

Kretsmeistrar Bergsøy Menn Senior 07, også kalla "Oldboys".  Foto: Josefine Spiro

Sport

Denne gjengen slo Rollon 2 5-2 i Fiskarhallen tysdag kveld, og er såleis KM-vinnarar!

Bergsøy hadde tre mål å gå på ved start etter å ha vunne 6-3 mot Rollon 2 i Ålesund, så siger var venta. Likevel var kampen jamn og spennande heilt til langt ut i andre omgang, då Bergsøy plutseleg drog frå.

Samanlagt vart stillinga 11-5 til Bergsøy i KM-sluttspelet.

Vestlandsnytt fekk sjølvsagt med seg kampen, men denne gongen var det ikkje først og fremst for å skrive kampreferat at vi var der. Vi kjem tilbake med meir om desse karane snart.