Bergsøydamene spela 23-23 på heimebane:

– Samspelet er betre

Laurdag møtte Bergsøy sine handballdamer Klæbu til kamp i Herøyhallen, eit oppgjer som vart jamt.

Eileen Baumann Jensen: Jensen er blant dei meir erfarne spelarane på laget no. Ho har såleis blitt ein viktig spelar for Bergsøy. Laurdag banka ho inn fem mål for heimelaget før ho måtte gå av bana på grunn av ein skade i kneet. Ho skal likevel vere klar igjen til neste heimekamp mot Vikhammer på laurdag.   Foto: Bjørnar T. Sævik/arkivfoto

Sport

Etter heile seks veker utan kampaktivitet i serien for Bergsøy sine handballdamer, var det endeleg duka for heimekamp på laurdag. Då tok dei nemleg i mot Klæbu i det som skulle vise seg å bli ein spennande kamp i Herøyhallen. Bortelaget hadde i startfasen litt meir grep om kampen, og leia på det meste med fire mål over heimelaget. Det var likevel ei leiing som Bergsøy tok hand om, etter at Klæbu la om forsvarsspelet sitt ut i omgangen. Då dei fyrste 30 minutta var spelt, hadde heimelaget henta inn det tapte. Stillinga stod då 12–13.