Bergsøy handball møter Strindheim søndag

Eval­das Grieze   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Det vart ei mager poengfangst for Bergsøy-herrane då dei spela bortekampar mot Steinkjer og Vikhammer for to veker sidan. Eitt poeng klarte dei å skrape saman på dei kampane. Og ettersom Vikhammer vann sin kamp førre helg også, er Bergsøy no vippa ned frå tabelltoppen i 2. divisjon avdeling 4.

Søndag ventar eit anna trønderlag, nemleg Strindheim, i Herøyhallen. Strindheim har berre spela tre kampar til no, og av dei har to enda med siger. Sjølv om Bergsøy nok er å rekne som favorittar, blir det fort ein spennande og jamn kamp også denne gongen.

Spennande er det også at unge Erik Ruud Helgesen har funne målforma, og vist prov på det talentet han har. Ruud Helgesen vart nyleg også tatt ut på regional landslagssamling for G17.