Trenarane før "seriefinalen":

– Det er gøy at det står mellom oss

Bergsøy må vinne kveldens «seriefinale» borte mot Volda om det framleis skal vere liv i opprykksdraumen. Kampen ser du direkte hos oss frå 18:25.

FRAN­JO TEPURIC: Kro­a­ten var liv­leg då Bergs­øy og Volda møt­test i Fos­na­våg i juni, men kro­a­ten kun­ne ik­kje hind­re at Bergs­øy tap­te 1–3. Tepuric får heller ik­kje gjort noko un­der fre­da­gens kamp, et­ter­som han braut bei­net un­der før­re kamp mot Ør­sta.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Etter at Bergsøy berre klarte 1–1 mot Ørsta førre helg, og Volda samstundes banka Norborg/Brattvåg 2 heile 6–0 har Volda opparbeida seg eit forsprang på fire poeng før sesongens nest siste kamp. Det betyr at Bergsøy må vinne begge sine to siste kampar, samtidig som Volda berre kan ta eitt poeng. Eit vanskeleg utgangspunkt for herøyværingane, men likevel langt frå umogleg.