Vestlandsnytt sender Volda – Bergsøy direkte

Fredag klokka 18:30 er det klart for toppkamp mellom Volda og Bergsøy i Volda. Hos oss kan du sjå kampen direkte.

TAPTE SIST: Sondre Nygård Olsen vart av den lokale juryen kåra til Bergsøy sin beste spelar i heimekampen mot Volda, som enda med eitt 1-3-tap. No er Bergsøy klare for å slå tilbake.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Bergsøy må vinne fredagens kamp mot Volda om det framleis skal vere liv i opprykksdraumen. Klarer herøyværingane det, vil det vere liv i opprykkskampen heile vegen inn.

– Alt kan framleis skje. Vi har ikkje gitt opp, og reiser sjølvsagt til Volda med mål om å vinne, seier Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen.

Har funne ut av dei tekniske vanskane

Sendestart på fredag vil vere 18:25, og kampen vil bli kommentert av Stian Langlo Driveklepp.

For dei som såg kampen mellom Hødd 2 og Larsnes/Gursken sist fredag, og let seg irritere over dei tekniske vanskane i byrjinga av kampen, så har vi funne årsaken til problema, og reknar med at fredagens sending vil gå saumlaust føre seg.

Ikkje abonnent?

Kampen vil sendast bak betalingsmur, og ein må vere Vestlandsnytt-abonnent for å sjå han. Er du allereie abonnent, men har enno ikkje ordna deg tilgang til nettavisa, oppmodar vi om at de tek kontakt i kontortid torsdag eller fredag før kampen så alt er i orden før avspark. Du kan sende ein e-post til abonnement@vestlandsnytt.no eller ringe oss på 700 84 400.

Les lengre intervju med Skorpen, og Volda-trenar Lars-Petter Rønnestad her:


Trenarane før "seriefinalen":

– Det er gøy at det står mellom oss

Bergsøy må vinne kveldens «seriefinale» borte mot Volda om det framleis skal vere liv i opprykksdraumen. Kampen ser du direkte hos oss frå 18:25.