Laurdagskamp for Bergsøy

Serieleiar Volda vann 6-0 over Norborg/Brattvåg 2 fredag kveld. Bergsøy har dermed press på seg når formsterke Ørsta gjestar Havila stadion laurdag.

THOMAS LEIKANGER SKAR: Skar og dei andre Bergsøy-spelarane har fått press på seg før heimekampen mot Ørsta laurdag.   Foto: Arkiv/ Stian Langlo Driveklepp

Sport

Etter det skuffande 3-1-tapet for Rollon, gjorde Bergsøy jobben då dei vann 3–1 mot SIF/Hessa førre runde. Men ettersom Volda vann 2–0 over LGFK, er det voldingane som toppar 4. divisjon når det står att tre kampar av sesongen. Dei har to poeng meir enn Bergsøy.