LGFK med svært viktig siger: – Vi vil avgjere tidlegast mogleg

Larsnes/Gursken tok eit stort steg mot ny 4. divisjonskontrakt då dei vann 3–1 over Hødd 2 fredag kveld.
Sport

Etter to scoringar av Jens Jørgen Winsnes og ei av Sebastian Moldskred Kleven i siste halvdel av første omgang, gjekk LGFK til pause med ei solid 3-0-leiing på Høddvoll. Sandssokningane sleit med å halde oppe storspelet i andre omgang, men vann likevel fullt fortent 3–1. Dermed klivrar dei til 7.-plass på tabellen, og har fått litt fleire lag mellom seg og nedrykksplassane.