Herøy biljard klubb leverer:

Gode resultat, igjen

Biljard – Norgescup Hyllestad 21 september.

FV: Matias Sætre, Mats Brujordet Schjetne, Morten Askvik (ordfører), Ole Kristian Rudshavn og Tommy Wolf.  Foto: HBK

Sport

21. september braka det laust i Hyllestad med sesongens fyrste Norgescup og frå Herøy stilte Jan Ove Kvalsund Hansen, Jonas Kvalsund Hansen, Henrik Hauge Pettersen, Matias Sætre og Henning Solem!

Mange elitespelarar frå heile landet stilte opp for kamp om heider og ære, så det var eit tøft lag å kjempe i.

Men det hinda ikkje vår Matias Sætre frå å halde motet oppe og kjempe seg heilt til finalen mot Mats Schjetne frå Ask BK! Det var ein spennande kamp, men dessverre måtte Matias sjå seg slått denne gongen. Men det er berre den første turneringa i sesongen, kanskje ein sølvmedalje kan vere motivasjon nok for eit gull neste gong?