Bergsøy IL 75 år - Eit tilbakeblikk

For dei unge kunne fritida i krigsåra bli ganske stussleg, ikkje minst for dei som var interessert i idrett. På same måte som nazistane tok mål av seg å skaffe seg politisk makt i landet under den tyske okkupasjonen, prøvde dei òg å få kontroll over idretten.

Frå skuleplassen: Nokre av dei aktive BIL-spelarane like etter krigen. Bak frå venstre: Peder Worren, Jens Gjerde, Gunnar Roksvåg, Kjell Hånes, Andreas (Alla) Lied. Framme frå venstre: Per Pettersen, Oddvar Pettersen, Mindor Hestholm og Konrad (Konni) Gjerde. 

Sport

Men det store fleirtalet av idrettsutøvarar og idrettsleiarar var mellom dei som gjekk føre i kampen mot nazifiseringa av organisasjonslivet, då dei hausten 1940 slutta å arrangere eller delta i offentlege konkurransar. Trass i denne idrettsstreiken var det ønskjeleg at ungdom dreiv med uformell idrett så lenge dei kunne halde aktivitetane unna okkupantane og NS, noko som var vanskeleg i dei første krigsåra. Men ettersom dei allierte fekk overtaket i krigen frå 1943 – 44, blei nazifiseringa av idretten etter kvart trappa ned. Det kan ha samanheng med at mange no hadde «begynt å ro» før krigen var tapt for alvor. Det var ikkje minst i denne situasjonen at også ungdom på Bergsøya kunne ta sjansen på å starte ein lokal idrettsaktivitet.