Frank Sverre Skorpen leiar Bergsøy på 75-årsdagen:

– Klubben er alltid det viktigaste

Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen og spelarane gler seg til fredagens heimekamp mot SIF/Hessa. At dei får spele heimekamp på klubben sin 75-årsdag er ekstra kjekt, meiner klubblegenda.
Sport

Fredag 4. oktober 2019 fyller Bergsøy IL 75 år. I løpet av dei første 75 åra har det skjedd mykje i Bergsøy IL, og mange har ofra både blod, sveitte og tårer. På fotballbanen har profilar som Marvin Arnesen, Fred Frantzen og Bjørn Prytz begeistra mange. Dei er alle rekna som legender i Bergsøy IL. Men det byrjar å bli nokre år sidan dei herja med ballen i beina. Det er derimot ikkje tilfelle for mannen som no er trenar for klubben sitt førstelag.