Bergøy Handball med vellukka storarrangement:

Tommel opp for årets Rem cup!

20.-22.9.19 arrangerte Bergsøy handball Rem cup for aldersbestemte lag i Herøyhallen. Det vart spelt 57 kampar frå fredag til søndag.
Sport

Det var høg stemning i hallen, masse liv og røre, og handballglade born, unge og vaksne som stod på seint og tidleg. Vêret var fantastisk, og skapte ei flott ramme rundt arrangementet som vert omtala som ein suksess.

Laga kunne varme opp ute i sola, publikum fekk nyte grilla laks frå Mowi eller anna herleg mat i kiosken medan kampane gjekk i eit drivande renn til høglydt klapping og jubelrop. Bergsøy stilte med 7 lag i 5 klasser. Elles hadde vi besøk av Aksla, Ellingsøy, Fiskerstrand, Hødd, SIF/Hessa, Spjelkavik, Volda og Ørsta.

Desse klassene var med:

J2007: 5 lag, finale mellom Sif/Hessa 1 og Spjelkavik J12-1, Seier til Spjelkavik 6–4

J2006: 7 lag, finale mellom Aksla IL og Fiskerstrand, seier til Fiskerstrand 10–6

J2005: 3 lag, finale mellom Bergsøy og Aksla, Aksla tok 1 plassen med resultat 10–5

J2004/03: Ingen sluttspel då det var berre 2 lag (Bergsøy og Ørsta

G2006: Berre 2 lag, Bergsøy G12 og Hødd G13. Ingen sluttspel.

G2004: 5 lag, finale mellom Bergsøy G15-2 og Aksla, seier til Aksla 18–16 (2 x 15 min). Medan Bergsøy G15-2 slo Aksla 9–8 (1 x 20 min)


Ei handballturnering handlar om mykje meir enn å prestere på bana. Her får spelarane skape nye relasjonar på tvers av laga, det er sosialt og nyttig med denne typen førebuingar før seriestart. Trenarane får testa ut form og struktur på laga sine, og det er motiverande og inspirerande å sjå andre lag frå tribunen. Samhald og godt samspel gjer seg ikkje sjølv, og cupen er ein fin arena for å jobbe med begge deler.

BIL handball takkar alle støttespelarane som gjer det mogeleg for oss å arrangere cup, og særleg er Rem sitt bidrag uvurderleg. I tillegg er det stor innsats frå foreldre og andre frivillige for å få apparatet rundt til å gå i hop.

J12 var med på Rem cup for fyrste gong, og fekk æra av å spele opningskampen fredagskvelden. Dei viste gode takter og slo Hødd heile 10-4, etter at dei og Hødd hadde hatt felles oppvarming med dans framfor publikum. Dei andre kampane vart jamnare, og jentene fekk to knipne tap mot høvesvis Sif/Hessa 1 og Spjelkavik, før dei spelte uavgjort mot Sif/Hessa 2 i sin siste kamp. Jentene syntest det var stas å delta og gler seg allereie til neste år!

G14 blei i år plassert i pulje med lag som normalt speler i G16 klassa, så det blei ei tøff men lærerik helg. Gutane fekk ein smakebit på kvar dei må stå om et års tid, og det er alltid ein oppvekkar. Dei spelte 3 kampar mot sterk motstand og fekk trent mykje på dei tinga dei har lyst å bli gode på. Det blei til tider litt stor tempo- og styrkeforskjell, men dei jobba med å halde fokus på arbeidsoppgåver og å halde god struktur både i forsvar og angrep. Gjengen er godt fornøgde med utbyttet av helga, og det var ei god dose tøff kamptrening!

Bergsøy sine to G15-lag møtte Aksla og Ørsta i tillegg til Bergsøy G14. BIL G15/1 starta litt nervøst fyrste kampen mot BIL G14, men klarte til slutt å dra sigeren i land med eit mål. Laget fekk gira seg meir opp til kampen mot Ørsta, og imponerte med eitmålssiger. Spelarane hadde heva seg fleire hakk, kjempa og utfordra gutane frå Ørsta. BIL G15/2 vann alle sine 4 kampar og enda i ei forrykande finale mot Aksla. Det kokte i hallen, og tempoet vart til tider hakket for høgt. Gutane vart stressa, noko som førte til personlege feil, og Aksla var flinke til å utnytte mogelegheitene sine. Aksla slo til slutt Bergsøy med to mål. Gutane frå Bergsøy og Aksla slo før dette eit slag for samarbeid då dei fekk ein god pizzadeal på restaurant Sofram. Dei gjekk i samla flokk til sentrum og kosa seg i lag i påvente av at dei skulle møtast i finalen.