Bergsøy rota vekk kjempeleiing, men kontrollerte inn sigeren:

– Veldig bra førsteomgang

Bergsøy var botnsolide, og leia heile 17–8 då laga gjekk til pause i Herøyhallen søndag. Men etter pause gav eit sløvt Bergsøy gjestane frå Charlottenlund sjansen til å setje sitt stempel på kampen.
Sport

Charlottenlund sine nest beste scora kanskje kampens første mål, men frå der av viste Bergsøy kvifor dei var storfavorittar i søndagens batalje. Med Evaldas Grieze i storslag tok dei fort leiinga i kampen, og leia 3–1 då det var spela fem minutt. Grieze med alle tre scoringane.