LGFK får Ørsta på besøk – Bergsøy gjestar Rollon

I kveld er det klart for endå ei nervepirrande serierunde i sunnmørsk 4. divisjon.

KJEMPAR VIDARE: Steffen Moltu og Larsnes/Gursken møter Ørsta i ein viktig kamp i kveld. Her frå lokaloppgjeret mot Bergsøy i august. Herøyværingane skal ut i ein knalltøff bortekamp mot Rollon fredag kveld.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Mange hugsar nok godt kalassigeren til Larsnes/Gursken då dei gjesta Ørsta i juni. Sandssokningane gav seg ikkje før resultattavla viste 7–0 til Anders Helsem Hoff sine gutar. I kveld vitjar Ørsta River Plate med mål om revansje. Men etter at LGFK spela uavgjort for fjerde kamp på rad sist (1-1 mot SIF/Hessa), er Hoff klar på at Ørsta no skal få svi.

Bergsøy i ny vanskeleg bortekamp

Eit redusert Bergsøy-lag tok ein sterk 2-0-siger borte mot Emblem førre veke. Denne veka ventar det som for Bergsøy sin del ofte har vore den største utfordringa av dei alle, nemleg Rollon på bortebane.

Samtidig spelar opprykksrival Volda bortekamp mot Hareid.