Handballherrane vil slå tilbake

Bergsøy får besøk av Charlottenlund 2 søndag.

NY HEIMEKAMP: Dainius Matutis og Bergsøy møter Charlottenlund 2 i Herøyhallen søndag.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Etter den imponerande sigeren borte mot Elverum 2 førre laurdag, rakna Bergsøy fullstendig i møtet med botnlaget Storhamar søndag. 30–29 vann Storhamar, etter ein kamp der det ifølgje Bergsøy-trenar Thomas Buchardt hagla av tekniske feil.

Søndag får herøyværingane sjansen til å få skuta tilbake på rett kurs når Charlottenlund 2 gjestar Herøyhallen. Trønderane står med to poeng etter to kampar, og bør vere ei overkommeleg oppgåve for Møre og Romsdal sitt beste handballag på herresida.