Populært minihandballtilbod for Bergsøyhandballen:

– Dei gir gass og er villige til å lære

– Når eg bles i fløyta er det om å gjere å stoppe heilt opp. Få sjå no, kven klarer å stå mest stille!

Han pappa spelar på Bergsøy, og han er god. Det skal eg også bli

Levi Lillerovde
Sport

Kristine Håheim Vike bles i fløyta og ein livleg ungeflokk blir plutseleg roleg, i alle fall dei fleste av dei. Ikkje alle har lært seg å respektere fløyta. Men det kjem forhåpentlegvis med tida.