Fyrste serietap for Bergsøy:

- Det haglar av tekniske feil

Bergsøy rauk på sitt fyrste tap søndag borte mot Storhamar, og trenar Thomas Buchardt er svært skuffa over det troppa leverer.

DEIVIDAS JOVAISAS: Blei toppscorar for Bergsøy med åtte scoringar.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Handballkampen starta desidert best for heimelaget då Bergsøy gjesta Boligparner Arena søndag føremiddag. På målstatistikken var det Storhamar som føra ann i kampen. Jamt gjennom fyrste omgang låg dei framom Bergsøy med fire mål, vel og merke fram til fem minutt sto att og Bergsøy tok seg saman litt inn mot pause. Då var Storhamars forsprang blitt redusert til berre eitt mål. Heimelaget leia då 14-13.