Bergsøy takla presset best og sigra mot Elverum 2:

- Ein god forsvarskamp

Det blei spenning heilt til siste minutt, men Bergsøy sigra til slutt mot Elverum 2 på laurdag, trass i at to-minuttarane hagla mot Buchardt sine menn.

Illustrason Evaldas Grieze  Foto: Josefine Spiro

Sport

Laurdag mønstra Bergsøy opp i Terningen Arena for å måle krefter mot Elverum sitt andrelag. Dei fyrste fem minutta blei ei mållaus affærar for begge lag, heilt til Elverum 2 braut stillingskrigen og fekk det fyrste målet. Bergsøy var derimot raske med å svare, og i det kampen nærma seg 15 minutt speletid, såg det ut til å løyse seg litt meir for Bergsøy sine menn. Dei fekk eit forsprang, men Elverum 2 kom hakk i hel og prøvde å ete opp leiinga. Til pause var det likevel Buchardt og troppa som kunne gå i garderoben med leiinga i kampen, 7-10.