Sigersrekkja held fram for Bergsøy:

- Vi gjer ein heilt fantastisk kamp

Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen er ikkje anna enn strålande nøgd med prestasjonen Bergsøy viste på bortebane fredag kveld.

Illustrasjon   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Bergsøy hadde vunne seks kampar på rad og stod utan tap under sin nye sjef Frank Sverre Skorpen då dei fredag kveld trappa opp på Emblem stadion. Denne bortekampen vart heller ikkje noko unntak. Det var Bergsøy som tok føringa frå start av, og det stod ikkje på målsjansar. Dei brann dessverre veldig mange av desse, men før pause fekk dei fortent med seg eit mål då Franjo Tepuric scora på straffespark.