Møter Emblem på bortebane

Serieleiar Bergsøy skal ut i det som tradisjonelt er ein tøff bortekamp.

DANIEL JØ­SOK KVALS­VIK: Kap­tei­nen sco­ra to mål i 4-0-si­ge­ren mot Val­der sist. No ven­tar ein «ek­kel» bor­te­kamp mot Emb­lem i kveld. Her frå cup­kam­pen mot AaFK. ar­kiv­fo­to: sti­an lang­lo dri­ve­klepp 

Sport

Bergsøy har vunne seks kampar på rad og er utan tap under sin nye sjef Frank Sverre Skorpen. Det har også ført herøyværingane heilt til topps i 4. divisjon. Men i kveld ventar Emblem på bortebane, og Skorpen er fullt klar over at heller ikkje det blir enkelt. Etter kampen mot Valder sist, uttalte Skorpen at det viktigaste for Bergsøy sin del blir å spele sitt eige spel, med mykje trykk framover på bana.

Volda er Bergsøy sin einaste konkurrent i kampen om 1.plass, som gir plass i opprykkskvalifiseringa. Dei har heimekamp mot Hødd 2 i kveld.