Til regional landslagssamling!

Villak Bjørlykke er eit solid prov på at det gror godt i Bergsøy IL sine yngre handballrekkjer.

Villak Bjørlykke: Lands­la­get nes­te? Foto: Ma­ri­ann S. Berge 

Sport

2004-modellen Bjørlykke er nemleg ein av seks frå Møre og Romsdal som er tekne ut til regional landslagssamling i Trondheim 17. september. 26 spelarar er innkalla frå Region Nord. Dei øvrige spelarane frå vårt fylke kjem frå Molde, Aksla, Kristiansund og Spjelkavik. Uttaket kjem etter deltaking på regional talentsamling som Villak deltok på i juni.

– Villak er ein treningsvillig kar som jobbar målretta. Han trenar både med G15/16 og herrelage. Han er motivert og dedikert. Uttaket er veldig gledeleg og til stor motivasjon og inspirasjon for Villak, lagkompisane hans og trenar Rikard Moe, seier oppmann Tone Helsem for Bergsøy sitt gutehandballag.

Ho legg til at regionen gjer eit godt arbeid med å bevisstgjere spelarane til å bli sjølvstendige og ansvarlege i sitt treningsarbeid i klubbane. Bergsøy har eit godt treningsmiljø og ei stor flott gruppe unge menn som har det kjekt på trening og gjer kvarandre gode. Vi gratulerer med uttaket!