Heimekampar i både fotball og handball:

Stor sportshelg i vente

Allereie i kveld har både Bergsøy og Larsnes/Gursken heimekamp i fotballens 4. divisjon. Laurdag jaktar Bergsøy-herrane endå ein siger i Herøyhallen, og like etterpå er det duka for sesongstart for handballdamene.
Sport

Den siste tida har gitt oss ein liten smak på årstida vi har i vente, nemleg hausten. Ute herjar vinden, men det er ikkje einstydande med at folk held seg heime. For herjar, det gjer også fotballspelarar og handballspelarar. Fotballen er på veg inn i den avgjerande fasen, og samtidig byrjar handballen for fullt.