Effektive Bergsøy med fortent siger

Før dagens kamp var Bergsøy på tabelltoppen medan motstandar Valder låg på 3.-plass. Etter kampslutt ligg framleis Bergsøy eitt poeng føre Volda, som vann sin heimekamp med 6–1 over Blindheim.
Sport

I sterk vind var starten av kampen sjansefattig. Kampens første mål kom på straffe i det 17. minutt. Magnus Myklebust vart felt og Franjo Tepuric sette straffa sikkert i mål ved keepers venstre stolpe. Så auka Bergsøy leiinga til 2–0 like etter. Magnus Myklebust sitt frispark frå venstre ekspederte kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik i mål frå kort hald med ei fin heading.