Velfortent siger på heimebane

- Det bur mykje i laget

Bergsøy slo NTNUI Håndball 28-24 på heimebane søndag ettermiddag.
Sport

Stemninga er til å ta og føle på då Vestlandsnytt kjem til Herøyhallen kl. 14.02 søndag. Ute skin sola, men der er likevel masse glade tilskodarar på tribuna, og Laurynas Petrutis har allereie scora det første målet og sytt for leiing over Noregs største studentlag, NTNUI Håndball.